Kommunelege Håkon Kvammen går av med pensjon til sommaren, og det vert då to ledige stillingar.
– Me har lyst ut stillingane fleire stader og brukt ekstra ressursar på utlysing i aviser og tidsskrift, nettstader og meir, seier rådmann Magnus Steigedal.
Han viser og til at administrasjonen har oppmoda politikarane i heradsstyret til å vera på utkikk etter legar og om mogleg få dei til å søkja stilling i heradet.
- Kva skjer om de ikkje får søkjarar?
- Me løyser utfordringane med vikarar og søkjer vidare etter nye legar, svarar rådmannen.
Kommentarer til denne saken