Alsåker blir verna

DEL

Kongen i statsråd vedtok 7. desember 2018 vern av 22 skogområde.

Tre av desse ligg i Hordaland, og er Alsåker i Ullensvang, Fyksesund i Kvam og Uranes i Granvin. Sistnemnde er ei utviding av eksisterande naturreservat.

Alle tre områda vart verna gjennom ordninga frivillig skogvern, som er eit samarbeid mellom private grunneigarar, Vestskog og forvaltinga.

På Alsåker er føremålet å ta vare på gamal edellauvskog med alm, ask og lind, som tidlegare har vore haustingsskog.

Artikkeltags