Spennande utstilling

Agatunet

Agatunet Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Torleif Bay frå Odda er årets ungdomsutstillar i Agatunet.

DEL

Agatunet har etter kvart fått seg en fin tradisjon med å gi unge kunstnarar eit sted å stille ut.

Årets ungdomsutstillar heiter Thorleif Bay, som går 1. året på sin bachelor i kunst v/Kunsthøgskulen i Bergen.

Han er fødd og oppvaksen i Odda.

«Han likar å arbeide eksperimentelt og ope. Arbeida han stiller ut i Agatunet er ein serie svart-kvitt-teikningar kor han har arbeidd intuitivt med form og masse, med penn eller blyant på ein todimensjonal flate. Dei er ikkje konkrete referansar til noko ein særskilt tematikk, men oppfordrar betraktaren til å lage eigne assosiasjonar i møte med verka.», står det i ei pressemelding.

Bay stiller og ut ei rekkje abstrakte fotografi, kor han har iscenesett forskjellige situasjonar mellom ulike material, for så å prøve å fange dei med kameraobjektivet.

Utstillinga opnar søndag 12. juni, og vert opna av varaordførar i Ullensvang, Kåre Grønsnes.

Det vert i tillegg musikalsk innslag ved Jarand Aga Baas.

Artikkeltags