Med hender, hovud, helse og hjarte på rette staden

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Forrige helg hadde både Fram 4H på Vines og Luren 4H i Herand sine haustfestar.

DEL

4H er ein ideell barne- og ungdomsorganisasjon som har som formål å utvikla aktive og samfunnsengasjerte ungdommar med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske.

Ungdommane har sjølv alle verv i organisasjonen, men med ein vaksen klubbrådgjevar. Mottoer er å læra ved å gjera, og medlemmane må avleggja ein lovnad som lyder slik: «Me lovar å arbeida mot det mål å bli ein ungdom med klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse»

I ein 4H klubb er det plass til alle, for i tillegg til felles møte og aktivitetar vel kvart medlem ei oppgåve ut frå eigne interesser som dei skal jobba med gjennom heile året. Høgdepunktet i 4H- året er haustfesten der medlemmane lagar utstillingar og presenterer prosjekta sine. Krava til gjennomført prosjekt aukar ettersom medlemmane vert eldre. Her skal i tillegg til det praktiske arbeidet også vera ein plan, dokumentasjon av gjennomføring, budsjett, rekneskap og rapport der ein vurderer korleis det har gått.

Denne helga hadde både Fram 4H på Vines og Luren 4H i Herand sine haustfestar. Klubbane hadde 17 utsillarar kvar, og begge klubbane har medlemmer som har gått heile løpet frå aspirantar som 10- åringar til seniormedlemmer som 18- åringar. Desse blir det gjort ekstra stas på fylkesnivå med fest og utdeling av plankett i Bergen.

Det er ikkje tvil om at ungdommane legg mykje arbeid i oppgåvene sine og at interessefelta spenner vidt. Her var alt frå mekking, handarbeid, fuglar, baking til prosjektering av ny lausdriftsfjøs representert.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken