Kvart år vert det arrangert fylkesleir i Hordaland 4H. I år var det Hårteigen 4H i Kinsarvik, Varden 4H på Ringøy og Bjødnabykse 4H på Lofthus som gjekk saman og arrangerte leir i Kinsarvik for over 150 4H-arar frå fredag til søndag.

– Så vidt eg veit er det første gongen det vert arrangert Fylkesleir i Kinsarvik, meiner Thea Raunsgard som er presseansvarleg for leiren, og som sit i styret i Hårteigen 4H.

Fjordahallen som arena

Dei brukte den nye Fjordahallen som hovudarena for aktivitetane, og leirdeltakarane budde på Kinsarvik camping.

– Me har snakka om denne leiren eit heilt år i førevegen, og planlagd leiren målretta i eit halvt år. Etter hallen kom, passa det fint at også me kunne arrangera fylkesleir her, fortel Raunsgard vidare.

Mange aktivitetar

Arrangørane er veldig nøgde med gjennomføringa av leiren.

– Trass i regn og at folk vart våte, var humøret på topp. Og så har me høyrt mykje positivt av leirdeltakarane. Dei var spesielt veldig nøgde med kursa, eller aktivitetane som me arrangerte, legg ho til.

Aktivitetane var mange; frå smiing og skyting til sminking, måling, swing- og birøktaktarkurs. Med god hjelp frå lokalmiljøet til å halda kursa, hadde dei rundt ti forskjellige aktivitetstilbod, men som arrangørar må ein gje slepp på nokon gode.

– Det vart ikkje tid for oss til å delta på kursa, men me var med og hjelpte til på dei ulike aktivitetane. Det var også kjekt, seier Thea.

Ein god erfaring

Å arrangera leir for så mange, er ikkje berre, berre. Det ligg mykje planlegging bak.

– Det har vore veldig kjekt, og har gjeve meirsmak, men eg trur ikkje me kjem til å arrangera leir til neste år akkurat. No veit me korleis det er, og me har fått god erfaring til neste gong me skal arrangera, fortel Thea.

Organisasjonen 4H

Er ein livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig organisasjon for born og unge, frå 10 til 18 år.

Mottoet til 4H er «å læra ved å gjera» og medlemmane organiserer sjølv styret og klubbdrifta.

Gjennom året vel medlemmane seg eit prosjekt som dei skal arbeida med.

Kvart år vert det arrangert fleire 4H-leirar, som t.d. aspirant- og fylkesleir.

Nøgde arrangørar av leir i Herand

Luren 4H stod som arrangørar for aspirantleiren, som er ein leir for dei yngste 4H-arane i distriktet.

– Me hadde 96 påmelde på leiren, kan klubbrådgjevar for Luren 4H, Ingebjørg Grøtt, fortelja.

Ho fortel vidare at dei opplevde leiren som veldig vellukka, sjølv om det var litt regn.

– Deltakarane sette opp telt på Vassel gård på fredags ettermiddag, før det var bli-kjend-aktivitetar og kinoframvising på kvelden, seier Grøtt.

På laurdagen var det ulike kurstilbod som deltakarane kunne melda seg på.

– Det var lefsebaking, fotball, alpint, klatring, dans, drama, mekking, fjelltur, kajakk og fiske frå båt, forklarer Ingeborg.

Klubbrådgivaren er veldig imponert over arbeidet som styret har lagt ned.

– Styret har hatt leirarrangeringa som 4H-prosjekt. Det har vore mykje jobbing, men kjekt når det går bra, meiner Grøtt.