Bilbrann i rasoverbygg på Velure

Laurdag kveld melde 110-sentralen Hordaland om bilbrann i eit rasoverbygg på Velure.

DEL

Operasjonsleiar for Hardanger lensmannsdistrikt melder søndag føremiddag at førar hadde fått skrens på bilen og møtt tunnelveggen.

Då føraren skulle starte bilen att tok den fyr. Førar var ein mann busett i området i 20-åra. Han skal ha slukka brannen sjølv før naudetatane var på plass.

Vegen måtte likevel stengast ei tid, då det var ein del røykutvikling på staden. Brannvesen var inne med røykdykkarar.

Ingen vart skada, og førarkort vart ikkje beslaglagt. Det var glatt på staden og utfordrande køyrehøve.

Artikkeltags