Opna for tidlegstemming: Turid har funne fram valurna

Valansvarleg: Turid Olsen Nå ved stemmeurna på biblioteket i Odda. Foto: Ernst Olsen

Valansvarleg: Turid Olsen Nå ved stemmeurna på biblioteket i Odda. Foto: Ernst Olsen

Ordinær førehandsstemming til kommune- og fylkestingsvalet startar 12. august, men allereie frå 1. juli kan ein stemma innanriks, såkalla tidlegstemming.

DEL

«Dei ordinere stemmesetlane er ikkje klare ved tidlegstemming, og stemmegjevar må nytta stemmesetlar som berre inneheld namn på dei registrerte politiske partia i Norge», opplyser Odda kommune på si heimeside.

På stemmesetelen må stemmegjevar merke av for det partiet vedkomande ynskjer å stemma på. Om ein ynskjer å stemma på eit parti/gruppe som ikkje står på stemmesetelen, skriv ein namnet på partiet/gruppa i det blanke feltet på stemmesetelen.

«Ein kan ikkje gjere endringar på stemmesetelen når ein tidlegstemmer», vert det streka under.

Om du ikkje har høve til å stemma i den ordinære førehandstemmeperioden eller på valdagen, kan du tidlegstemma frå 1. juli på følgjande stader:

Biblioteket i Odda rådhus, kommunehuset i Jondal og heradshuset i Kinsarvik.

«Hugs å ta med legitimasjon ved stemming. Har du motteke valkort, er det fint om du tar det med og», kan ein lese på www.odda.kommune.no.

Sjølve valdagen er måndag 9. september.

Artikkeltags