Erlend Nævdal Bolstad er glad for tilliten

Erlend Nævdal Bolstad og Høyre håpar veljarane i den nye kommunen viser dei tillit.

Erlend Nævdal Bolstad og Høyre håpar veljarane i den nye kommunen viser dei tillit. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Erlend Nævdal Bolstad (H) vart under førre vekes nominasjonsmøte valt til Ullensvang Høgre sin ordførarkandidat til kommunevalet 2019.

DEL

Ullensvang Høgre:«Ingen fremja andre forslag, og Erlend Nævdal Bolstad vart samrøystes valt ved akklamasjon», står det i møtereferatet.

– Eg er veldig glad for den tilliten partiet har vist meg. Eg håper at veljarane i Ullensvang kommune vil visa oss tillit slik av vi kjem i posisjon til å skapa ein ny og betre kommune.

Under nominasjonsmøtet var det òg val på delegatar til ekstraordinært fylkesårsmøte/stiftingsmøte Vestland Høgre, samt val på delegatar til nominasjonsmøte i Vestland Høgre.

Møtet vart avslutta med politisk innlegg og motivasjonstale av stortingsrepresentant Ove Trellevik (H). Ifølge referenten eit innlegg som skapte begeistring blant dei frammøtte.

Artikkeltags