Søker ny biblioteksjef i ny kommune

Ny stilling: Else Marie Sandal blir kultur- og idrettssjef.

Ny stilling: Else Marie Sandal blir kultur- og idrettssjef.

Else Marie Sandal har fått stillinga som kultursjef, og ein ny biblioteksjef må på plass.

DEL

– Me søkjer deg som vil ta utfordringa med å leia og byggja ei felles bibliotekteneste for heile den nye kommunen, skriv Ullensvang kommune i stillingsutlysinga.

Biblioteksjef i Odda, Else Marie Sandal, blir kultur- og idrettssjef i Ullensvang kommune. Kommunen søker derfor etter ein ny verksemdleiar for bibliotek og kino.

Kultur- og idrettssjef: Else Marie Sandal har takka ja til tilbodet. Her med våpenskjoldet som var klar vinnar i folkeavstemminga. Arkivfoto: Mette Bleken

Kultur- og idrettssjef: Else Marie Sandal har takka ja til tilbodet. Her med våpenskjoldet som var klar vinnar i folkeavstemminga. Arkivfoto: Mette Bleken

– Verksemda Ullensvang bibliotek består av eit hovudbibliotek i Odda rådhus, avdelingsbibliotek i Kinsarvik og Jondal, og filial og utlånsstasjonar på Utne, Nå, Lofthus, Skare og Røldal. Personalet er på totalt 7,38 årsverk, der 1,38 årsverk er knytt til kino, står det i annonsen.

Odda kino har eigen driftsleiar, og biblioteksjefen si rolle er knytt til overordna ansvar for budsjett, personal og utvikling.

Kommunen ønsker søkarar med utdanning, som er samfunnsorienterte, og kultur- og litteraturinteresserte.

Dei lokkar mellom anna med at biblioteksjefen kan få ei sentral rolle i utviklinga av nye Ullensvang kommune, med arbeidsplass på Odda bibliotek, eit «historisk fyrtårn i biblioteklandskapet», og at ein som biblioteksjef får vera tett på Odda-forfattarane.


Artikkeltags