Ein interessant kommune for statlege arbeidsplassar?

Møteleiar: Fylkesmann Lars Sponheim innleia måndag det første felles kommunestyremøtet.

Møteleiar: Fylkesmann Lars Sponheim innleia måndag det første felles kommunestyremøtet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Fleire av lokalpolitikarane nytta fellesmøtet måndag til å minna fylkesmannen om tapet av offentlege arbeidsplassar.

DEL

– Eit argument som staten har brukt er at små kommunar hindrar desentralisering av statlege oppgåver. La oss ta dette argumentet på alvor, og be om at ranet av arbeidsplassar i distrikta tek slutt, sa Trygve Bolstad (Ap).

Han viste til at distrikta taper arbeidsplassar i stort tempo.

– Og her fylkesmann, er det fylkeskommunen og staten som trekk inn dei fleste av desse. Det er ei utarming av distrikta når det gjeld offentlege arbeidsplassar, meinte Bolstad.

Olav-Magnus Hammer (Ap) minna Sponheim om at det har vorte sagt at nye Ullensvang kommune er ein av dei mest interessante kommunane å flytta statlege arbeidsplassar til.

– Det tar vi med oss, sa gruppeleiaren i Jondal Ap.

Fylkesmannen sa han hadde gjort seg nokre refleksjonar rundt dette temaet det siste året frå sitt kontor i Bergen.

– Det er stor merksemd rundt distriktsfylket Sogn og Fjordane, veldig bra. Arbeidsplassar til Førde, Nordfjordeid, Sogndal og Leikanger har vorte eit veldig tema. Kvifor har vi ikkje den same merksemda rundt robuste større stader i Hordaland? Her har vi Bergen, og då er det ikkje meir diskusjon, fortalde Sponheim.

– Når desse to fylka vert slått saman, så skal det ikkje vera nokon forskjell på kommunane. Då skal Hardanger, Odda og nye Ullensvang kommune vere like sentrale for merksemd som det i dag er for dei litt større kommunane i Sogn og Fjordane, kommenterte han.

Artikkeltags