Ullensvang kommune har gjennom åra fått tildelt konsesjonskraft og heimfallsrettar på til saman 472 GWh. I kvartalsrapport for 2. kvartal vert inntekter 2022 for konsesjonskraft og heimfallskraft stipulert til i overkant av NOK 400 000 000 (firehundremillionar). Til å styra denne Sareptas krukke har kommunestyret nedsett Kraftutvalet, eit utval samansett av politikarar og administrasjon.

Kraftutvalet vart oppretta i 2020 og er samansett av tre politikarar samt rådmann og kommunalsjef økonomi frå administrasjonen. Utvalet skal mellom anna ha ansvar for å sikra at kommunen sine rettar i samband med kraftproduksjon vert vareteke, samarbeid med LVK (Landssamanslutninga av vasskraftkommunar) samt samarbeid med nabokommunar i kraftsaker. Problemet er at Kraftutvalet ikkje er å finna på lista over folkevalde organ. Ved spørsmål til administrasjonen får me opplyst at referat frå dette utvalet ikkje finst.

Bruk av arbeidsgrupper slik dei er nytta i Ullensvang kommune er ei samanblanding av rollane til administrasjon og folkevalde, og er i beste fall uryddig og i verste fall lovstridig. Ei tilleggsulempe er at denne måten å arbeida på medfører at nokre av dei folkevalde vert tatt inn i den saksførebuande prosessen, medan andre vert haldne utanfor. Viktige politiske diskusjonar skjer i lukka rom. Når saka kjem til kommunestyret for endeleg handsaming er det ikkje mogeleg å gjennomføra ein debatt der alle representantane får delta på like vilkår.

Korleis dette kjem til syne kan illustrerast gjennom sak i kommunestyret 20. oktober om fastprisavtalar til næringslivet. Etter ei pressemelding frå Kraftutvalet vart saka fremja som ei hastesak fire dagar før møtet, med ein minimalistisk saksutgreiing og der tilrådinga var at rådmannen fekk fullmakt til å utgreia og iverksetja. Handsaminga av saka i kommunestyret tok vel ein time og mykje tid gjekk med til å avvisa eit framlegg frå Terje Kollbotn. Av dei som tok ordet vart det få utanom medlemmer i kraftutvalet og tilrådinga med fullmakt til rådmannen vart vedteke med 19 mot ei stemme.

Ein skulle tru at dei folkevalde burde hatt ei hand på rattet når årlege inntekter nærmare ein halv milliard skal forvaltast. Bruk av arbeidsgrupper og vide fullmakter til administrasjonen gjer dette vanskeleg, om ikkje uråd.