Gå til sidens hovedinnhold

Ullensvang i mellomsjiktet, Eidfjord i botn

I årets kommune-NM hamnar Ullensvang som nummer 152 og Eidfjord nummer 302.

For abonnentar

Av dei 356 kommunane i landet hamnar Ullensvang totalt som nummer 152 og Eidfjord nummer 302.

Kommune-NM er ei årleg rangering av dei økonomiske prestasjonane og rammevilkåra for næringslivet i norske kommunar. Kommune-NM 2021 dekkjer fem temaområde: Næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi. Rangeringa er utelukkande basert på kvantitative data, henta frå offisielle statistikkar.

Av desse felta hevdar Ullensvang seg bra på kompetanse (25) og arbeidsmarknad (51). Eidfjord skårar også best på kompetanse (107) og arbeidsmarknad (194).

Topp tre i landet er Bærum, Sola og Oslo, medan Dyrøy hamnar heilt sist.

Dei tre beste kommunane i Vestland er Austevoll, Bergen og Sogndal.

Landsoversikt med fleire opplysningar er tilgjengeleg på NHO sine nettsider.

Kommentarer til denne saken