Ullensvang vil kartleggja friluftsområde

Husedalen: Arkivfoto: Kristin Eide

Husedalen: Arkivfoto: Kristin Eide

Artikkelen er over 2 år gammel

Ullensvang herad vil kartleggja og verdisetja friluftsområde, og treng di hjelp.

DEL

Ullensvang herad starta i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og Hordaland Fylkeskommune i 2017 eit prosjekt som har som mål å kartleggja alle friluftslivsområda i kommunen.

Dette er ein del av eit nasjonalt mål om at alle kommunar i Noreg skal kartleggja sine friluftslivsområde innan 2018.

– Ein har som mål at alle skal ha moglegheit til å driva friluftsliv i nærmiljøet og naturen elles. Kartleggjinga legg difor særleg vekt på nærmiljøområde, ferdselsårer og grøntområde i og nær busetnad og tettstader, seier Marianne Rindedal Jetmundsen i BOF.

Ullensvang herad ynskjer no hjelp frå friluftsinteresserte innbyggjarar for å auka kunnskapen om område nytta til friluftslivsføremål i heradet.

– Me ynskjer at innbyggjarane skal gje tips om kva friluftsområde dei nyttar seg av, seier heradsplanleggjar, Randi Karin Tveit.

– Me i prosjektgruppa veit at folk sit med enorm kunnskap om friluftslivet i Ullensvang, og håpar difor at innbyggjarane vil koma med innspel om sine friluftslivs- og nærområde slik at den endelege kartleggjinga vert så grundig som råd, opplyser Marianne Rindedal Jetmundsen.

Artikkeltags