– I årets cup var det 52 lag. Ca. 300 spelarar var samla for å ha det moro med fotball. Laga har berre vore frå Hardanger i år og cuparrangøren er litt skuffa over at lag frå Kvinnherad nok ein gong glimrar med sitt fråvær, fortel arrangørane i TTIL.

Laurdag starta med 3x3 fotball for 6- og 7 åringar. Då var det tre kampar samstundes og mykje liv i hallen-

– Mange foreldre, besteforeldre, tanter og onklar skapar fantastisk stemning og med så mange folk i hallen har trenarar ein stor utfordring med å få ungane til å ha rett fokus. Etter kampane for dei minste, var det duka for 8–12 åringar som heldt det gåande til søndag ettermiddag, heiter det vidare i pressemeldinga.

Bildeserie

Sjå bileta frå Tyssocup

– Det er veldig bra her! Laget har gjort ein formidabel innsats, fortalde Jens Vegard Holmberg då HF møtte han laurdag.

Han er ein av fleire fedrar som trenar dei seks år gamle jentene i OFK. Laurdag deltok dei i Tyssocup, og Holmberg er altså nøgd både med turneringa og jentene sin innsats.

– Fotball er det kjekkaste, stadfesta Eivind Åkre (7) frå Solnut som møtte søskenbarna frå rivaliserande Harding.

TTIL observerte at det vart scora mange flotte mål, og at det var mange skikkelege taklingar, ein og annan fantastisk keeper-prestasjon og sikkert mange som har fått nokre nye venner.

For at barna skal kunne få mogelegheit til å utfolda seg på fotballbanen og ha det moro med andre barn, krev det mykje arbeid frå dei vaksne. Rundt 250 dugnadstimar vert lagt ned i forskjellig arbeid i løpet av helga og for oss er det då flott at dei lokale trenarar og laga prioriterer Tyssocup.