Fredag syng Tuva på Norske talenter

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Første episode av talentserien startar til helga, og Tuva Lutro frå Odda er ei av dei første som skal prøva å imponera dommarane.

DEL

Det er niande sesong av Norske talenter som skal gå på TV 2 i år, og fredag startar sesongen med elleve håpefulle som skal gjera sitt beste for å imponera dommarane på audition.

Blant dei er 12 år gamle Tuva Lutro, som skal synga «Songbird».

Lutro gav nyleg ut sin første singel, og har allereie i ei årrekke imponert Odda-publikumet på lokale konsertar. HF har tidlegare skrive om at ho har meld seg på underhaldningsprogrammet, men det er først no det er klart at ho blir å sjå på TV-skjermen.

Dei som skal bedømma det unge songtalentet, er Janne Formoe, Mona Berntsen, Mia Gundersen og Bjarne Brøndbo.

Artikkeltags