Programleiar Solveig Kloppen avslørte like over klokka 22 at Rune fekk den første finaleplassen i Norske Talenter.

Deretter stod det mellom Tuva og Kristine, og den siste finaleplassen gjekk til songfuglen frå Odda!

 

12-åringen sjarmerte dommarane med sitt songtalent på audition, og Mia Gundersen trykte på «gullknappen» – som sende Lutro direkte vidare til semifinale i konkurransen.

Les og: Fredag er Tuva tilbake på TV: – Det har begynt å kribla litt i magen no

- Eg skal synga ein song av Sia som heiter Chandelier. Om min song vekker kjensler i deg, foreslår eg at du stemmer på meg, sa Tuva Lutro då ho gjekk på scena under semifinalen i Norske Talenter fredag kveld.

Etter songen fekk Tuva klampetrapp frå publikum og ros frå dommarane.

Dommar Mia Gundersen sa på førehand at ho gledde seg til å høyra Tuva, som ho er fan av.  Etterpå sa ho at det ikkje var ein enkel song, noko som viser kor modig Tuva er.

- Me kjem til å sjå mykje av deg, uansett korleis det går i dag. Eg kjem til å heia på deg, sa Gundersen.

Dansar Mona Berntsen sa at ho og er fan av Tuva. Også ho sa at 12-åringen hadde valt ein vanskeleg song.

 

- Din første audition var sterkare enn det du viste i dag, sa dommar Mona Berntsen som så igjen presiserte at ho er stor fan.

Bjarne Brøndbo er og imponert over stemma til Lutro, men la til at han og trur ho er ei snill jenta, med eit godt hjarta.

- Songen du framførte i dag er kjempevanskeleg, det er ikkje mange som får til å synga den. Det skal du vera stolt av, roste trønderen.

Også skodespelar Janne Formo var imponert, og trakk fram at Tuva berre er 12 år.

- Du har ei framtid på norsk scene, avslutta sørlendingen.

Tuva sjølv er klar over at ho har ei stor stemma, og svarte dommarane at ho tek til seg alt dei seier.

- Eg vil visa alle mine sider, forklarte ho om songvalet.

Kvar fredag i seks veker blir det delt ut to finaleplassar. Dei som får flest stemmer frå sjåarane går rett til finalen, mens nummer to og tre får vurdering av dommarane også.

Etter pausen roste dommarane kvarandre og publikum. TV-sjåarane har og fått glimt av Tuva sin heiagjeng i salen.

Før resultata vart presentert sa Gundersen at Tuva er hennar favoritt.