Det seier Ove Hillesland ved Rosendal turisthotell.
Han er arbeidsgjevar for venninnene Marte Prestnes Ersland og Amalie Moss, som har engasjert seg i flyktningane på Chios sin situasjon.
– Då jentene fortalde om kva dei gjer på fritida – at dei reiser til Hellas for å hjelpa flyktningar – blei eg nokså sett ut. Eg er så imponert over desse to jentene sitt usjølviske engasjement, og har lyst til å sjå om eg ikkje kan bidra littegrann eg òg, seier Hillesland.
Derfor skal han laga betasuppe som han vil selja til inntekt for flyktningane.
– Laurdag 29. august kjem eg til å selja betasuppe her på turisthotellet, og pengane vil gå uavkorta til jentene sitt arbeid, seier han.
