I 16-tida torsdag ettermiddag vart politiet i Hardanger kontakta av nokre turistar som kjende seg forfølgde av ein annan bil. Det viste seg at det var ein Tesla som hadde køyrt aggressivt bak dei, opplyser politibetjent ved Hardanger politistasjon, Hulda Spurkland.
– Vi får mange trafikkmeldingar om dagen, til dømes om stopp i trafikken eller liknande. Det meste ordnar seg ved at operasjonssentralen snakkar med innringar, slik at vi ikkje treng rykka ut. Det er ikkje ofte vi får melding om at nokon kjenner seg forfølgde, seier Spurkland.
Politiet gjennomførte og ein kontroll på Vasstun i Odda torsdag kveld. 50 køyretøy vart kontrollerte for fart, promille og dokument, og det vart ikkje gitt nokon reaksjonar.