320 på Trolltur

Jomfrutur: «Troll» legg frå kai ved torget på jomfruturen.

Jomfrutur: «Troll» legg frå kai ved torget på jomfruturen.

Artikkelen er over 2 år gammel

På ein månad har over 300 vore på tur med Trolltunga Active sin ribbåt «Troll».

DEL

– Vi har hatt om lag 320 personar på ein månad. Det er om lag 10–15 personar om dagen. Noko som er litt meir enn vi forventa på førehand. Vi har ikkje hatt så stor interesse for nye aktivitetar tidlegare, seier dagleg leiar i Trolltunga Active, Jostein Soldal.

Medan det i andre turiststader på Vestlandet har vore ribbåtar lenge, er det først i år nokon har satsa på det i Hardanger. Soldal er sikker på at marknadsgrunnlaget finst i Hardanger og.

– Det er det ikkje tvil om, ein kan berre sjå andre stader. Vi kjem ikkje til å gi oss, då er det større sjanse for at vi vil utvida.

Kan bli to båtar

Soldal seier at dei i Trolltunga Active skal vurdere om den utvidinga kjem allereie neste år.

– Det optimale hadde vore to eller tre båtar. Då kunne ein eller to gått i rute, medan vi nytta den siste til utleige. No skal vi evaluere behovet til hausten, det kan bli to båtar allereie neste år. Eg trur vi kjem til å auke på.

Soldal synest Sørfjorden er eit kjekt landskap å vise fram til turistane.

– Vi har ein veldig flott fjordarm. Den er veldig variert i forhold til andre fjordar.

Artikkeltags