Gå til sidens hovedinnhold

Truleg siste konsert: – Eg ser at det vert litt mykje

Har snart seld 500 billettar til årets julekonsert:

Artikkelen er over 1 år gammel

Gunn Gravdal Elton og Oddakonsertene inviterer til Vintersong med internasjonalt preg.

For abonnentar

– Eg synest det er veldig fint at me får ein litt internasjonal profil i år. Me har to stykk med som skal synge på sitt eige morsmål, seier arrangør Gunn Gravdal Elton om årets utgåve av julekonserten til Oddakonsertene, som dei har kalla Vintersong.

Det skal altså syngast på både tsjekkisk og rumensk.

– Det er finare når ein syng på sitt eige språk, ein ser at det betyr mykje for artistane. Det gler eg meg veldig til, seier Elton.

Mista pianisten

Ein litt trist nyheit er at pianisten Magnhild Salvesen har vorte sjuk og måtte trekke seg frå julekonserten.

– Då måtte me finne ny pianist, og det er ikkje så lett så kort tid i førevegen. Heldigvis har me fått med Arpad Buta.

Elton kan òg fortelje at det er mange ungar med i konserten i år.

– Planen var å ha med fem stykk, men no er det altså 12.

Elton opplyser at billettsalet har vore bra, sjølv om dei har haldt låg profil.

– Det er fantastisk å sjå at folk kjøper billettar, og me nærmar oss 500 selde billettar.

Siste julekonsert?

Elton er ganske sikkert på at dette vert den siste julekonserten frå hennar side på ei stund.

– Eg ser at det vert litt mykje, og difor trur eg ikkje det vert noko av til neste år. Det er sikkert godt for folk å få ned mengda aktivitetar i desember og, seier ho.

Difor må dei som vil vere sikker på at dei får med seg ein julekonsert i regi av Gunn Gravdal Elton nytte sjansen i år.

– Eg trur eg har godt av ein pause. Det er mykje som skjer, seier ho.

Tuva Lutro er sjølvsagt med på konserten, men Siri Elton måtte melde avbod i år.

– Nydeleg song

I fjor var det frieri under julekonserten, og Elton seier at dersom det er andre som er ute etter små stunt, er det berre å ta kontakt.

– Elles vert det mykje nydeleg song under årets julekonsert. Det er så mange talent å ta av, at eg veit ikkje kor eg skal starte og slutte, frå både Odda og Ullensvang, seier Elton.

Ho ser òg fram til å dele ut omsorgsprisen under premieren, noko ho synest er svært stas.

Kommentarer til denne saken