Trude Vaaga kjem frå Halsnøy, men bur i Bergen. Mange kjenner ho nok best frå dei to store konsepta ho driv innanfor interiør og design, nemleg Interiør & Designmessen i Grieghallen, og magasinet Tendens.
Men Vaaga, som faktisk er utdanna sosiolog, bruker Tendens sine marknadsflater til meir enn berre interiør. Ho er engasjert i å spegla samfunnet gjennom visuelle tolkingar, og særleg er ho oppteken av å inspirera dei unge. Då ho oppdaga den sterke og gripande utstillinga med bilde tatt av fotograf Pernille Sandberg, «Straff skader», vekte det noko i henne:
– Eg tenkte at denne utstillinga skildrar noko så viktig og sterkt, nemleg skjebnane til åtte unge rusbrukarar som er direkte offer for dagens narkotikapolitikk i Norge. Eg berre måtte få utstillinga til Grieghallen i Bergen slik at fleire kunne sjå den, og vi får løfta fram dette temaet i endå større grad, fortel Vaaga engasjert.
Ho er no blitt ambassadør og kurator for prosjektet i Bergen.
– Å kuratera desse åtte fotografia blir sterkt, men det er eit viktig tema som må løftast fram, igjen og igjen. I Tendens heiar vi på ungdommen, og det er derfor veldig fint å få bidra med denne utstillinga. Mi rolle blir å tilrettelegga for sjølve utstillinga, og ikkje minst å gi rom for samtalar om ein tryggare ruspolitikk, seier Vaaga, og legg til:
– For meg finst det ingen enkle svar, eg er meir opptatt av å stilla spørsmål slik at ein kan jobba med samfunnsproblem på ein romslegare måte. I Tendens har vi som tradisjon å invitera til samtalar framfor debattar som ofte leier til polarisering. Det blir også essensielt denne gongen, seier Vaaga.
Frå straff til hjelp
Den danske fotografen Pernille Sandberg er kjent for å skildra menneske med ein djup respekt, og femnar om tema som andre kan oversjå. Gjennom svart-kvitt-fotografi inviterer ho sjåaren til å sjå verda på ein ny måte. Utstillingane hennar er ikkje berre vakre, men svært interessante. For Sandberg kan fotografering gi eit nytt, sterkt lys på eit mørkt, skjult motiv. Fleire kunstsamlingar har kjøpt Sandverk sine verk, og ho har delteke i utstillingar over heile verda, sist i Teheran, Amsterdam, Tokyo og New York.
Utstillinga hennar blir i løpet av kort tid køyrt over fjellet frå Oslo og sett opp i Grieghallen frå 31. august. Prosjektet er i samarbeid med Foreningen Tryggere Ruspolitikk, og midlar som blir samla inn frå utstillinga skal gå til å vidareføre arbeidet for ei rusreform i Norge, der fokus blir flytta frå straff til hjelp.
Foreininga Tryggere Ruspolitikk er ein landsdekkande, ideell medlemsorganisasjon som jobbar for å flytta samfunnet sine reaksjoner på ulovleg rusmiddelbruk frå justis- til helsesektoren:
– Ein kriminell identitet gjer det ikkje lettare å ta gode val, og skam og frykt for straff kan heva rusmiddelbrukarar sin terskel for å be om hjelp, skriv foreininga.
Dette står skrive om nokre av portretta i den sterke fotoutstillinga «Straff skader»:
Emilie (17) døydde av ecstasy på festival. Ho svelgde alle pillane sine i panikk då ho såg politiet.
Oscar (23) rusar seg for å gløyma barndommen. Han gjenopplever den når han må kle av seg i arresten.
Jon (17) brukte cannabis før han måtte avlegga urinprøvar. No bruker han farlegare stoff som ikkje viser på prøvane.
Ingen ringte 113 då Emil (21) tok ein overdose. Venene var rusa, og frykta politiet ville komma.
Utstillinga opnar 31. august og står til 4. september. Den har gratis inngang, og på opninga blir det lagt til rette for meiningsutveksling, kunnskapsdeling og genuine samtalar på tvers av aktuelle faginstansar og enkeltindivid.
Enkeltskjebnar, pårørande og kjente profilar vil vera til stades under opninga, og Trude Vaaga har også eit håp om at statsminister Erna Solberg vil vera til stades.