Svak laksesesong i norske elvar

Elvane på Vestlandet og i Finnmark har jamt over opplevde ein svak sesong.

Elvane på Vestlandet og i Finnmark har jamt over opplevde ein svak sesong. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Laksesesongen i år gav nesten 20 prosent færre fisk på land enn ein gjennomsnittssesong, går det fram av eit estimat frå organisasjonen Norske Lakseelver.

DEL

– Vi estimerer at det vart fiska cirka 97.000 laks, og av dei vart cirka 20.000 sett ut att levande. Den varme og tørre sommaren er hovudårsaka til nedgangen, seier fagsjef Erik Sterud i Norske Lakseelver.

Estimatet er basert på fangstresultatet i 55 elvar frå nord til sør.

Men fiskelykka varierte frå elv til elv og frå landsdel til landsdel. Både i Drammenselva og Mandalselva vart det fiska rundt 40 prosent fleire fisk enn i ein gjennomsnittssesong, men dette var også unntaka lengst sør. Totalt kom elvane frå Trøndelag til Troms best ut, mens elvane på Vestlandet og i Finnmark jamt over opplevde ein svak sesong.

Artikkeltags