Farleg å gå åleine

Bekymra: Soldal håpar dei som tilbyr overnatting til turistar vil åtvara dei mot å gå til Trolltunga utan guide no.

Bekymra: Soldal håpar dei som tilbyr overnatting til turistar vil åtvara dei mot å gå til Trolltunga utan guide no.

Artikkelen er over 2 år gammel

Jostein Soldal i Trolltunga Active seier at ein dei neste to vekene bør unngå tur til Trolltunga.

DEL

Aktivitetsselskapet tilbyr guida turar til Trolltunga, og har begynt sesongen tidleg i år.

– Det er mange som trur at no er det så nære sesongstart at ein kan gå utan guide, men det stemmer ikkje, seier Soldal.

Grunnen er at me no er midt i snøsmeltinga, og han seier dette er den mest risikofylte perioden å gå inn til Trolltunga.

– Dei neste 14 dagane er det problematisk å gå tur. Det er smelting, og ein ser snøbruer og vatn som ein før har kunna gått over, som no er ein risiko.

Han ber både overnattingsstader og andre vera obs på å senda folk ut på tur no.

– Guidane våre har instruks på å «snu folk» når dei ser folk med dårleg utstyr, og me prøvar også å stoppa folk om me ser dei er på veg ut på morgonen, seier han.

Artikkeltags