Demonterer Himmelstigen til Trolltunga

Stengd: Himmelstigen.foto: Trolltunga Active

Stengd: Himmelstigen.foto: Trolltunga Active

Trolltunga Active melder at dei har vedteke å demontera Via Ferrata traseen «Himmelstigen til Trolltunga».

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Avgjerda kjem som følge av den årlege områdesjekken av ruta, der det vert vurdert korleis vatn, is, vegetasjon og smelting har påverka dei geologiske forholda gjennom vinteren og våren. Dette skriv Trolltunga Active i ei pressemelding.

– Smelting og skadar i fjellet gjer at me ikkje kan bruka traseen, seier Jostein Soldal.

Han peiker at dei set tryggleiken først, og at Via Ferrata løypa difor må demonterast

– I fjor hadde me 1500 personar som nytta denne løypa, så det vil ha tyding for oss at me ikkje kan bruka den i år, legg Soldal til.

Men ei ny Via Ferrata løype til Trolltunga i sikkert terreng er under planlegging og prosjektert ferdigstilt til sesongen 2018.

Trolltunga Active er den største tilbydaren av guida turar til Trolltunga.

– Saman med Jostein Soldal og Trolltunga Active kjem me til å satsa sterkt på Tysso Via Ferrata denne sesongen. Sidan Himmelstigen inne i Ringedalen no er stengd, blir Rallarvegen opp til Lilletopp det einaste klatrealternativet, skriv Anne Gravdal frå NVIM.

Les også: Naudnett i siste liten

Les også: Redningsaksjon til Trolltunga

Les også: – Dette kan ikke fortsette

Artikkeltags