Det pågår fredag føremiddag eit redningsoppdrag til Trolltunga via hovudredningssentralen. Det fortel politibetjent Paul Henriksen ved Hardanger lensmannskontor.

- Det er ein tyskar som har skada kneet, og Røde Kors er på veg for å henta han, seier Henriksen.

Turisten vart seinare på dagen henta av luftambulanse.

Mannskap frå både Tyssedal, Odda og Kinsarvik Røde Kors var med på oppdraget.

Aksjonen er årets fjerde i området mot Trolltunga for det lokale hjelpekorpset.