Trolltunga størst nedgang ifølge mobildata

Nedgang: Tal frå Telenor syner at trafikken til Trolltunga har hatt ein dramatisk nedgang i sommar.arkivfoto

Nedgang: Tal frå Telenor syner at trafikken til Trolltunga har hatt ein dramatisk nedgang i sommar.arkivfoto

Ferske trafikktal frå Telenor viser at koronapandemien og dårleg vêr har ført til dramatisk nedgang i besøkande til Trolltunga.

DEL

Tala frå Telenor viser at det var færre besøkande på mange av turistattraksjonane i landet. Nedgangen var størst blant utanlandske mobilbrukarar.

Trolltunga er staden med størst nedgang. Der var det 92 prosent nedgang i besøk frå utlandet og 86 prosent nedgang frå Noreg.

— Sommaren oppsummert er drastisk nedgang i turisttrafikken og kraftig auke i mobilbruken. Det er ikkje uventa at talet på utanlandske turistar har uteblitt, men endringane i kvar nordmenn har opphalde seg er dramatisk, seier administrerande direktør i Telenor Norge, Petter-Børre Furberg, i ei pressemelding.

Tal frå kommunane rundt i landet syner at hyttetrafikken har hatt ein kraftig auke gjennom sommaren.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken