Trolltunga har 169.000 treff på Instagram - vil unngå å bli «Instawrecked»

Vintertur: Slik såg det ut ved Trolltunga 17. september. Visit Hardangerfjord vil spre turistane utover året. Foto: trolltunga trail information

Vintertur: Slik såg det ut ved Trolltunga 17. september. Visit Hardangerfjord vil spre turistane utover året. Foto: trolltunga trail information

Av

«Instawrecked» har vorte eit omgrep som blir brukt om stader der naturen blir belasta på grunn av mykje merksemd på Instagram og anna deling. No vil turistsjefar og ordførarar spreie turismen over heile året for å vareta naturen og områda.

DEL

– Det er naturen dei kjem for å sjå, og vi må passe oss for å bygge den ned eller øydelegge den gjennom det. Det er eit slags paradoks, seier ordførar i Aurland kommune, Trygve Skjerdal frå Senterpartiet, til Bergens Tidende.

Selfiedestinasjonar, der turistar oppsøker spektakulære stader og deler bilde på Instagram, gjer stadene meir synlege og fører til meir turisme. Sjølv om merksemda er positiv, har det baksider som forsøpling, parkeringsproblem og slitasje. Det vil turistsjefar og ordførarar gjere noko med.

Andreas Skogseth, dagleg leiar i Hardangerfjord, meiner at å utvide sesongen er eitt av det viktigaste grepa dei har gjort for å gjere turismen meir berekraftig.

– Vi får fordelt gjestane ut over heile sesongen. Ikkje berre i ein periode. Vi vil også spreie turistane ut over heile regionen, slik at presset ikkje blir for stort nokre plassar, seier han til BT.

Trolltunga har gått frå å vere ein anonym destinasjon til å bli ein av dei største turistdestinasjonane på Vestlandet, og har 169.000 treff på instagram. Stor auke i talet på besøkande førte til problem med forsøpling og logistikk, men Skogseth meiner dei no har betre kontroll.

Andre populære treff på Instagram er emneknaggen #Stryn, som er brukt 74.000 gonger, #Flåm er delt 70.000 gonger, og #Aurland har 50.000 treff på Instagram. Hoddevika på Stad med tjue fastbuande har over 5000 delingar på Instagram, og det kan komme fleire hundre dit for å surfe på ein sommardag.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken