Aktivitet for alle

Ungt publikum: Ordførar Roald Aga Haug snakka om kor viktig det er med ein aktiv kvardag.

Ungt publikum: Ordførar Roald Aga Haug snakka om kor viktig det er med ein aktiv kvardag. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Verdas aktivitetsdag vart feira med stor entusiasme i ungdomshallen i Odda onsdag.

DEL

Aldersspennet var ekstra stort i ungdomshallen onsdag, då Odda/Tyssedal Pensjonistforeining arrangerte verdas aktivitetsdag. Både unge og eldre fekk ein god sjanse til visa fram aktivitetane dei held på med i kvardagen.

Verdas aktivitetsdag blir markert over heile verda kvart år 10. mai, og skal inspirera til meir fysisk aktivitet i kvardagen.

Programmet begynte med at førskulegruppa frå Hestavoll barnehage framførte både songar og stev som dei hadde valt ut sjølv. Førskulegruppa er ein gong i månaden på sjukeheimen for å synga for bebuarane der.

Buss frå Skare

Skare skule stilte mannssterke, og viste fram utdrag frå sitt 17. mai-program i samarbeid med Skare ungdomslag, og kunne visa dei eldre at folkedanstradisjonane på ingen måte held på å døy ut.

Etterpå vart det servert bollar som pensjonistane hadde bakt.

Ordførar Roald Aga Haug var også invitert til å seia nokre velkomstord til dei frammøtte.

– Det er veldig kjekt å sjå at eldre og yngre er samla her i lag. Det er viktig å bygga bruer mellom generasjonane, og me har masse å læra av kvarandre, sa han.

Han snakka også om temaet for dagen: At folk skal vera litt meir aktive.

– Ein kan trena med å gjera husarbeid, eller ta trappene i staden for heisen, foreslo ordføraren.

Etter at dei yngste hadde fått visa sine danseferdigheiter, tok seniordansen over golvet, før trimgruppa stod for oppvarming til dei som ville vera med ut på tur.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken