Gå til sidens hovedinnhold

Treng frivillige i Tyssohallen

Odda Frivilligsentral skriv på frivillig.no at dei har behov for fleire frivillige.

Det er i forbindelse med vaksinasjon i Tyssohallen at Frivilligsentralen no søker etter fleire frivillige som kan ta imot dei som skal vaksinere seg, vise folk til rett stad, observasjon og passa på at smittevernreglane er tatt ivare.

- Har du moglegheit til å hjelpe i dette viktige arbeidet? Ein fast og god gjeng frivillige, og eit flott vaksine-team tar godt imot deg, og all naudsynt opplæring vert gjeven, skriv Frivilligsentralen.

Det trengs hjelp torsdagar i oddetalsveker.

Kommentarer til denne saken