Tredjeplass for Ingvill i Mesternes Mester

Ingvill Måkestad Bovim.

Ingvill Måkestad Bovim. Foto:

Oddingen Ingvill Måkestad Bovim måtte gi tapt etter den første finaleøvinga i Mesternes Mester.

DEL

— Eg er alle mest stolt av det eg har gjort. Å ryke ut heilt på slutten er litt kjedeleg, eg skulle gjerne fått med meg ein konkurranse til og kjempa om den store pokalen, sa Ingvill Måkestad Bovim då ho kom sist i mål på den første finaleøvinga og måtte ta til takke med ein tredjeplass i årets Mesternes Mester.

Oddingen hadde eit dårleg utgangspunkt etter semifinalen. Ho starta sist, tretti sekund etter Kjersti Buaas og femten sekund etter Eirik Verås Larsen, i jaktstarten. Det forspranget klarte ho aldri å ta att.

— Eg er veldig fornøgd med det eg har gjort her desse vekene. Eg har utfordra meg sjølv på mange av øvingane, sa friidrettsdronninga til programleiar Dag Erik Pedersen.

Måkestad Bovim kan sjå tilbake på ei flott deltaking i realityprogrammet, der ho mellom anna sette rekordar på fleire av øvingane.

I finalen, som vart sendt på NRK fredag kveld, var det til slutt padlaren Eirik Verås Larsen som kunne løfte Mesternes Mester-pokalen som den ellevte i rekka.

Artikkeltags