Gå til sidens hovedinnhold

Tre nye stadfesta smitta i Ullensvang

Ullensvang kommune melder at det er stadfesta tre nye smittetilfelle i dag, fredag.

Det betyr at det er per dags dato stadfesta 63 tilfelle totalt i dette utbrotet. Det er over 200 nærkontaktar i kommunen, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Ullensvang kommune har innført lokal forskrift der karantenefritak for unge under 18 år er oppheva.

Ullensvang kommune vil gje tilbod om vaksinasjon for aldersgruppa 16 og 17 år i veke 36 og 12-15 år i veke 37/38. Meir informasjon om dette vil bli bli delt med foreldre/føresette i komande veke.

Det er opp til ein sjølv som arrangør å avgjere om det er trygt å gjennomføra arrangementet. Det betyr at ein må gjera ei risikovurdering for kvart arrangement slik at ein sikrar ei god smittevernhandtering med nødvendige tilpassingar og tiltak.

Det er viktig at dei som arrangerer konfirmasjon tek omsyn til smittefare og gjennomfører i tråd med nasjonale smittevernråd, skriv kommunen vidare i pressemeldinga.

Vidare vert det oppmoda til bruk av munnbind, særleg i butikkar og på offentleg transport, der ein ikkje kan halde ein meter avstand.

- ALLE som har symptom på forkjølelse må halde seg heime til dei er friske og bør testa seg. Det gjeld òg for barn og unge under 18 år.

Kommentarer til denne saken