Gå til sidens hovedinnhold

Tre nye stadfesta smitta i dag

Ullensvang kommune ved ordførar Roald Aga Haug skriv i ei pressemelding at det er påvist tre nye tilfelle av covid-19 smitte i dag, onsdag.

Det betyr at det sidan utbrotet i helga er stadfesta 15 smittetilfelle.

Vidare har tre personar gått ut av isolasjon i dag, og det er i skrivande 12 personar med påvist corona.

Ytterlegare seks personar har gått ut av karantene i dag, og ventekarantene for personar i høve Hestavoll barnehage vert oppheva i dag.

Ordføraren avkrefter rykte om at utbrotet stammar frå ein person som har brote karantenereglane.

– Me har undersøkt dei rykta, og ikkje funne hald i dei, opplyser Aga Haug til HF.

Ingen er melde til politiet frå kommunen si side.

– Ventekarantene i forbindelse med Jondal skule og barnehage er oppheva, skriv ordføraren vidare.

Kommunen ventar framleis på ein del prøvesvar frå bussruta Kinsarvik-Odda. Nokon har kome, men langt ifrå alle, vert det opplyst i pressemeldinga.

– Avklaring tidlegast i morgon.

Av dei som er stadfesta smitta i dag, har eitt av tilfella ukjend smitteveg.

– Her kan ikkje smitten knyttast til kjende tilfelle, skriv Aga Haug.

No er det åtte husstandar eller «klynger» med smitte. Det er framleis berre ved eitt tilfelle stadfesta den britiske varianten, men ordføraren skriv at dei reknar med at alle smitta har den britiske varianten.

Det er om lag 290 personar i karantene i Ullensvang i dag, onsdag.

Fire av dei som er smitta i skrivande stund er under 18 år, resterande åtte er over 18 år.

Les også

Ny lokal forskrift vil vere gjeldande frå 18:00. Éin ny person har fått påvist smitte

Kommentarer til denne saken