Gå til sidens hovedinnhold

Tre nye koronatilfelle

Det er registyrert tre nye personar med koronasmitte i Ullensvang i dag, melder ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding tysdag kveld.

Totalt er no 18 personar isolert med koronasmitte.

Seks av desse vil vera ute av isolasjon ved midnatt. Smittevegen skal vera kjend for alle, unnateke ein. Dei fleste har sannsynleg omikron-varianten.

- Vi ventar at dette kan føra til rask smitteauke i befolkninga. Nasjonale mynde meiner også at større utbrot må vera påventa dei neste vekene. Ved positiv heimetest må den smitta ta kontakt og få tatt en PCR-test. Ring koronatelefonen for avtale om testing, oppmodar ordføraren.

Vaksinestatus heile befolkninga:

1. dose 82 %

2. dose 75 %

3. dose 33 %

Vaksinestatus befolkninga over 16 år:

1. dose 93 %

2. dose 89 %

Klar melding og oppmoding frå kommunen med bakgrunn i situasjonen:

Vaksinering er avgjerande for å unngå smitte og avgrensa skadeomfanget for den som vert smitta. Vaksine er et effektivt tiltak for å bekjempa pandemien. Dei som er vaksinert vert generelt mindre sjuke enn dei som er uvaksinert.

For dei som ynskjer å vaksinere seg vert det gjennomført drop-in vaksinering den 20. januar, 3. februar og 17. februar. kl. 11-18 i Tyssohallen.

Kommentarer til denne saken