Gå til sidens hovedinnhold

Tre førarar fekk gebyr etter kontroll på Seljestad

Statens vegvesen hadde 70 køyretøy innom kontrollplassen tysdag.

— Alle blei kontrollerte for om dei hadde dekk og kjetting etter krava, og alle oppfylte krava, så det var bra, skriv Sveinung Bauge i Statens vegvesen.

Ti av køyretøya blei tatt til side for utvida kontroll. Der blei det avdekka eitt køyretøy med overlast, som måtte laste om før han kunne køyre vidare. Han fekk òg vektgebyr.

Eit anna køyretøy over 3500 kg fekk gebyr for manglande bombrikke, og ein fekk gebyr for manglande vognkort.

— Ein fekk munnleg åtvaring for brot på køyre- og kviletidsreglane, melder Bauge.

Kommentarer til denne saken