Gå til sidens hovedinnhold

Trass dårleg kritikk møtte om lag 400 på Ragnarok-premiere

Artikkelen er over 1 år gammel

Fleire aviser har denne veka slakta Netflix-serien, men det såg ikkje ut til å bry ullensvangarane, som strøymde til. Kinosalen i Odda vart nesten fylt, og innleiingsvis fekk både ordførar Roald Aga Haug og rektor ved Odda ungdomsskule, Sven Olaf Brekke, sagt nokre ord. Serien, som i stor grad er spelt inn i Odda, vert delt på Netflix i 190 land og dubba til 30 språk. Alle episodane i Ragnarok ligg no tilgjengeleg på Netflix.