CargoNet kuttar ruter på Bergensbanen. Derfor blir det meir gods på vegane

Riksveg 7: Sysendalen og riksveg 7 får truleg meir tungtrafikk når NSB-eigde CargoNet AS skal ha meir av godstrafikken over på vogntog, fordi dei vil kutta i ulønsame godstogruter.

Riksveg 7: Sysendalen og riksveg 7 får truleg meir tungtrafikk når NSB-eigde CargoNet AS skal ha meir av godstrafikken over på vogntog, fordi dei vil kutta i ulønsame godstogruter. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

For å få opp lønsemda, vil NSB-eigde CargoNet kutta i rutene på fleire jernbanestrekningar.

DEL

«Norges største transportør av gods på jernbane, NSB-eigde CargoNet, skal kutta i både rutetilbod og tilsette. 50 årsverk skal vekk. Det reduserte rutetilbodet som blir sett i verk frå desember vil blant anna ramma Bergensbanen. Det betyr fleire trailerar og meir tungtransport mellom aust og vest på riksveg 7 og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet».

Dette melde Hallingdølen sist laurdag.

HF har den siste tida hatt ei rekkje artiklar om trafikksituasjonen på riksveg 7, der trafikken er i sterk vekst.

CargoNet skal ifylgje avisa i Hallingdal redusera den samla kapasiteten med 15 prosent. Kommunikasjonssjef Anna Svanberg har pr. i dag ingen oversikt over kor mange avgangar som blir kutta på Bergensbanen.

– Men me droppar ulønnsame ruter, seier Svanberg til Hallingdølen.

CargoNet hadde eit negativt driftsresultat på 49 millionar

i fjor. Svanberg seier at det no blir teke nødvendige grep for å redda situasjonen. Problema til Cargo-Net skal vera samansett.

– Det handlar om sterk konkurranse frå vegtransporten. Me merkar at vegane er vorte betre. Det er ikkje like krevjande som før å køyra lastebil mellom Oslo og Bergen, og det blir køyrt lengre vogntog.

Ifylgje CargoNet avlasta selskapet norske vegar med ca. 177.000 lange trailerturar i fjor, som svarar til ca. 700 trailerar kvar dag.

Trygg Trafikk seier til Hallingdølen at dei fryktar fleire ulukker med fleire vogntog.

Artikkeltags