110-sentralen Hordaland fekk melding om ulukka rett før 10.30 laurdag føremiddag. Alle naudetatane rykka ut. Dei tre personane kom seg ut av bilen på eiga hand, men to av dei klagde på smerter.
- Dei var oppegåande og har blitt sett til av ambulanse. Det er ikkje snakk om alvorleg skade, seier Sigbjørn Villanger vakthavande ved 110-sentralen.
Klokka 11.20 vart det stadfesta at bilen var komen på bergingsbil og at naudetatane var ferdige på staden.
- Det er ikkje snakk om store materielle skadar, men store nok til at bilen måtte hentast av bergingsbil, seier Villanger og legg til at det er svært glatt på staden.