Måndag morgon vart det meldt om ei trafikkulykke ved Veluretunnelen på fv. 550.

Ein bil med ein vaksen og eitt barn var involvert i hendinga.

Alle naudetatane rykka ut til staden.

– Det var glatt i tunnelopninga og bilen sklei inn i tunnelveggen, opplyser Øystein Torsnes, fungerande politistasjonssjef ved Hardanger politistasjonsdistrikt.

Personane var tilsynelatande uskadde, men blei kjørt i ambulanse til Odda sjukehus for sjekk. Det var forholdsvis stor skade på bilen som måtte tauast vekk.

Det var ingen andre bilar involvert i ulykka.