Trafikkulykke på Haukeli - fire til legevakt

Svært dårleg sikt: Slik ser det ut på Haukelifjell torsdag føremiddag. Foto: Statens vegvesen.

Svært dårleg sikt: Slik ser det ut på Haukelifjell torsdag føremiddag. Foto: Statens vegvesen.

Det har vore ei trafikkulykke på E134 vest for Haukelitunnelen. To bilar er involverte.

DEL

Det melder Vest politidistrikt. Det er snakk om ei front mot front ulykke. To bilar er involvere i ulykka. Politiet melde straks at ein person var skada.

Rundt klokka 14 melder politiet at dei er ferdig på staden.

- Fire personar er køyrt til legevakt for nærare sjekk. Politiet oppretter sak, skriv dei.

Det er innført kolonnekøyring grunna vanskelege køyreforhold.

- Det er dårlig sikt, sterk vind og ein del snøver på staden. Den skadde personen har blitt skada under dytting av eigen bil, melder politiet.

Ulykka skal ha skjedd vest for Svandalsflonatunnelen, i Ullensvang kommune.

Vegtrafikksentralen melder at vegen er stengt på grunn av ulykka. Politipatruljen melder om vanskelege arbeidsforhold og stiv kuling på staden.

Artikkeltags