Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulykke mellom to motorsyklar på Hardangerbrua

Riksveg 13 vart ein periode stengd etter ei trafikkulykke på Hardangerbrua fredag ettermiddag.

Vest politidistrikt opplyste om trafikkulykka på Twitter rett før klokka 15:00.

Naudetatane var då på veg til staden, der det skal ha vore ei ulykke mellom to motorsyklar.

– Ukjend skadeomfang, to personar involvert, meldte Vest politidistrikt

Vegtrafikksentralen hadde då stengd brua inntil vidare, men noko seinare vart det opplyst at vegen var opna att.

– Politi er ikkje framme på staden endå, men begge personar skal vere oppegåande, opplyser operasjonssentralen i Vest politidistrikt til Hardanger Folkeblad klokka 15:06.

Ifølge BT tok ambulansen på staden med seg begge førarane til sjukehus for sjekk.

Det vert vidare opplyst på Vest politidistrikt sin Twitter-konto at ulykka skal ha skjedd på Kinsarvik-sida av brua.

TIPS OSSTIPS: Send e-post , SMS/MMS: kodeord TIPSHAF + tekst/bilde til 2470, Telefon: 53 65 06 00

Kommentarer til denne saken