Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulukke mellom Gjermundshamn og Mundheim

(Kvinnheringen)

Klokka 15.35 melde Vest politidistrikt om ei trafikkulukke mellom Gjermundshamn og Mundheim.

Operasjonsleiar ved operasjonssentralen opplyser til Kvinnheringen like etter klokka 16 at det er uvisst korleis bilen har hamna utanfor vegen.

Ein ung mann får tilsyn av helsepersonell, men skal ikkje vera alvorleg skadd, ifølge politiet:

– Bilen har hamna utanfor vegen. Det skal vera ein del knust glas, og føraren fekk nokre skadar etter dette, mellom anna nokre sår og glas på augo, seier operasjonsleiaren.

Ulukka skal ha skjedd ein liten kilometer nord for Gjermundshamn, på grensa mellom Kvinnherad og Kvam.

Les også

Sentersjefen måtte sjekka om det var feil då bestillinga tikka inn: – Trudde det var ein null for mykje

Kommentarer til denne saken