Vest politidistrikt melder på Twitter klokka 10:13 måndag at det har vore ei trafikkulykke på rv. 13 på nordsida av Sandvinvatnet ved Vasstun.
To bilar skal vere involvert, og det er uvisst om det er personskadar. Det er vidare meld om at det er svært glatt på staden.
– Det skal ikkje vere snakk om personskade. Éin aribag er løyst ut, fortel etterforskingsleiar ved Hardanger politistasjon til Hardanger Folkeblad like før klokka 11 måndag.
Han opplyser vidare at det var klokka 10:08 at politiet fekk melding om ulykka mellom to personbilar. Ein bil skal ha kome over i motsett køyrefelt og treft bakdelen på ein bil som kom imot. Det skal berre vere snakk om materielle skadar.
Klokka 10:24 melder Vest politidistrikt på Twitter at det har vore ei ny ulykke på rv. 13, denne gongen mellom Kinsarvik og Lofthus. Det skal vere éin bil involvert, og det skal vere snakk om rundveldt. Òg der er det meldt om glatt veg.
– Me måtte raskt køyre vidare frå Vasstun mot Kinsarvik der det var meld om ei ny ulykke. Der var det snakk om rundvelt, seier Henriksen, som opplyser at ulykka skal ha skjedd mellom Lutro og Kinsarvik, i Dalesvingen.
Det var ei singelulykke, og ingen personskadar. Det skal vere spinnglatt på staden, opplyser både Henriksen og Hardanger Folkeblad sin journalist på staden.
– Skadestaden er sikra. Det er ein person involvert, og vedkomande var oppe og gjekk. Han vart tatt med til lege for sjekk, opplyser Henriksen før klokka 11 måndag.
Vegen var stengd då bilen vart fjerna av bilbergar, men med delvis omkøyring via Urheim.
Det vart òg tidlegare måndag morgon meld om ei singelulykke i Velure på fv. 550. Der òg skal det ha vore svært glatt.
Paul Henriksen ved politiet opplyser til Hardanger Folkeblad like før klokka 13:00 måndag at ingen av dei involverte personane i dei tre ulykkene er skada.
Det vert oppretta sak frå politiet si side på ulykka på Velure og den ved Lutro. Dette kjem av at desse er kjende ulykkesstader, og politiet leverer statistikk til Vegvesenet. Då kan Vegvesenet vurdere tiltak på desse stadene ut ifrå statistikken.
På Vasstun var det reine, mindre materielle skadar, medan det på Velure og ved Lutro var større materielle skadar.
Klokka 11:33 opna rv. 13 på austsida av Sørfjorden att. Då var ulykkesbilen komen på bergingsbil.