Trafikkuhellet skal ha skjedd ved Ringøy på rv. 13 i Ullensvang kommune.

- Redusert framkomst grunna trafikkuhell, melder Vegtrafikksentralen på Twitter klokka 12.00.

Naudetatane er på veg til staden.

Vest politidistrikt melder at melding om uhellet kom inn klokka 11.47.

- Ein bil har køyrd inn i ein stolpe. To personar i bilen, begge vaken og bevisst, skriv Vest politidistrikt på Twitter.