– Skal du over fjellet bør du køyre i ettermiddag eller vente til laurdag

OBS: Det er sendt ut OBS-varsel for fjellovergangane i Sør-Noreg.

OBS: Det er sendt ut OBS-varsel for fjellovergangane i Sør-Noreg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Meteorologane ventar krevjande køyreforhold på fjellovergangane i Sør-Noreg frå fredag kveld til laurdag morgon.

DEL

OBS-varsel for fjellovergangane i Sør-Noreg:– Vi ventar veldig kraftig vind med styrke opp mot 30–35 meter per sekund i Langfjella. I tillegg ventar vi ein del snø. Det vil gi krevjande køyreforhold frå fredag kveld. Det gjeld både over Haukeli og Hardangervidda, seier meteorolog Geir Ottar Fagerli hjå Vêrvarslinga på Vestlandet.

Fagerli fortel at dei ventar mellom 10 og 20 centimeter snø både på Hardangervidda og på Haukelifjell mellom fredag kveld og laurdag kveld, det kan gi trafikale problem.

– Ein må rekne god tid om ein skal over fjellet. Natt til laurdag kan det fort bli stengingar eller kolonnekøyring. Difor er mitt råd at dersom du skal over fjellet bør du køyre i ettermiddag eller vente til laurdag. Også natt til søndag kan det bli vanskelege køyreforhold, seier Fagerli.

Frå fredag kveld til laurdag morgon er det sendt ut to OBS-varsel for fjellområda i Sør-Noreg. Eit om sterk vind som kan bli full storm utsette stader og eit om vanskelege køyreforhold på grunn av sterk vind og snø i kombinasjon.

Artikkeltags