Ein person lettare skada etter trafikkuhell ved Børve

Ein person vart lettare skadd etter eit trafikkuhell ved Børve torsdag morgon.

DEL

Alle naudetatane rykka torsdag morgon ved 0930-tida ut til ei trafikkulykke ved Børve langs riksveg 13 i Ullensvang herad.

110-sentralen i Hordaland opplyste til HF at var fleire bilar involvert.

– Det er eit mindre trafikkuhell med mindre materielle skadar. Ein person er tatt hand om av helsepersonell, sa fungerande vaktkommandør ved 110-sentralen i Hordaland, Glenn Hamre.

Han seier brannvesenet var på plass for å sikra ulykkesstaden og hjelpa til med opprydding.

Politioverbetjent Øystein Torsnes ved Hardanger lensmannskontor fortel at det heile starta med at det var to utanlandskregistrerte bilar som kom borti kvarandre med speglane.

Den eine føraren gjekk ut av bilen og ut i vegbana. Der skal han ha vorte påkøyrd av ein tredje bil som køyrde sakte forbi.

– Den tredje bilen køyrde over foten til sjåføren som var ute av bilen. Han vart lettare skada. Det vert oppretta undersøkingssak, men det er ikkje grunnlag for å sikta nokon i saka, seier Torsnes.

Artikkeltags