Sykkelrittet skulle eigentleg gått frå Jondal til Røldal via fv. 550. No er etappen avlyst.
– Det er kaldt over Røldalsfjellet, og me ser det ikkje som forsvarleg å sende syklistane over der. Då må me korte ned etappen, seier Hegreberg.
Det vert likevel innskriving for deltakarane i Jondal no i føremiddag, før dei set seg på bussen til Røldal. Derfrå vert det start rundt klokka 16:00 i dag.
Bakgrunnen for at syklistane kan sykle over Haukeli, men ikkje Røldalsfjellet, er tunnelane:
– På Haukeli kan me køyre gjennom tunnel. Det er ikkje eit alternativ i Røldalstunnelen, den er for mørk, seier den daglege leiaren.
Han opplyser at gjennom ti år med Tour of Norway, har dei aldri måtte gjere slike tiltak. På Røldalsfjellet er de to grader og regn i dag.
– Dette er det einaste forsvarlege, avsluttar Hegreberg.
Saka held fram under biletet.
– Trist
Innskrivinga i Jondal startar 11:25.
– Me er i Jondal, eigentleg for å vere med på starten. No blir det registrering og litt show her ute. Syklistane skal starte for full maskin i Røldal klokka 16, seier ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug.
– Det er litt dumt, men det er ikkje noko å gjere med det. Folk har førebudd seg langs heile etappen, mange har styrt mykje. Me må berre bite det i oss, held han fram.
Han peiker mellom anna på at Statens vegvesen har jobba på for å brøyte Røldalsfjellet i tide for sykkelrittet, og at innbyggjarar har bakt og førebudd folkeliv langs fv. 550, fv. 49, rv. 13 og E 134.
Ordføraren oppmodag innbyggjarar om å ta turen til Røldal for å ta del i arrangementet der.
TV-profil og tidlegare syklist Dag Otto Lauritzen følgjer sykkelrittet, og lagar innslag for TV2.
– Dette er trist, men vêret kan me ikkje gjere noko med, seier han til Hardanger Folkeblad sin journalist på staden.
Les meir om årets sykkelritt her: