Gå til sidens hovedinnhold

Totalt 15 nye smitta i Ullensvang – vurderer tiltak

Seint tysdag kveld kom dei siste prøvesvara inn til kommunen der i alt 12 personar har teste positivt for covid-19.

Tidlegare på dagen vart det meldt om tre nye smitta.

– Det vil seia at det i alt har kome 15 nye smitta totalt i dag. Smitten er knytt til testa nærkontaktar og vidaregåande skule, opplyser ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding.

Kommunen vil gjera vurderingar onsdag om eventuelle tiltak, opplyser kommunen på sine heimesider.

– Det er kjent smitteveg. Samstundes vil vi oppmoda til varsemd og at innbyggarane følger nasjonale smittevernråd, seier Haug.

– Kva tiltak ser kommunen for seg kan vera aktuelt?

– Vi vil gjera ei vurdering av om det skal setjast gult nivå på vidaregåande. Det kjem an på meir detaljert informasjon om smittetilfella og kjennskap til om vi har oversikt over alle nærkontaktar, seier Haug til Hardanger Folkeblad seint tysdag kveld.

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) varsla tidlegare på dagen at dei vil kome med spesifikke råd til kommunar med høgt smittetrykk. Også i andre kommunar her i vest, som Bergen, har det vore fleire nye smitta den siste tida.

– Vi vil framover, saman med FHI, gi både Bergen kommune og andre kommunar med høgt smittetrykk klåre råd til korleis dei kan handtera situasjonen, seier divisjonsdirektør Johan Torgersen i Helsedirektoratet til Bergensavisen.

Kommentarer til denne saken