Gå til sidens hovedinnhold

Tori Angell på 5.-plass under Kvasshovden opp

Tori Angell frå Odda IL kom inn på tida 59,23, litt over sju minutt etter vinnaren Karoline Holsen Kyte før Førde IL. Bård Olav S. Medhus frå Røldal IL vart nummer 11 totalt, og kom opp berre seks minutt bak vinnaren.

Motbakkeløpet Kvasshovden opp vart arrangert for 13. gong laurdag og totalt var det 122 påmeldt i konkurranseklassane, noko som er det beste deltakartalet sidan NM i 2017.

I kvinneklassen var Karoline Holsen Kyte. Førde IL suveren og betra sin eigen løyperekord frå 2019 med 1,50 min til 52,09.

I herreklassen kom heile tre løparar under den tidlegare sterke rekorden til Johan Bugge frå NM 2017 på 46,49.

– Det vart ein tett kamp mellom motbakkespesialist Torbjørn Ludvigsen, Varegg fleridrett og Håvard Eidsmo, Freidig/Freidig orientering. Dei følgde kvarandre som skuggar gjennom løpet – fyrst på siste 200 m strekka etter 1000 høgdemeter fekk Håvard Eidsmo dei nødvendige metrane og vann med 16 sekund på ny løyperekord med over 1 min på 45,48, går det fram av ei pressemelding frå Ulvik IL etter løpet.

I mosjonsklassen var godt over 150 så om lag 275 personar opp til topps.

– Det var strålande forhold for motbakkeløp. Opprusta, tørr løype og temperatur mellom 15–20 grader, oppsummerer idrettslaget Ulvik IL.

I tillegg til Tori Angell på 5.-plass løp Bård Olav S. Medhus frå Røldal IL i 18–19 årsklassen og gjorde eit godt løp der han vart nummer 11 totalt, berre seks minutt bak vinnaren i herreklassen. Han løp inn på tida 52:02.

Med dette resultatet enda han som nummer tre i U23, som er juniorklassen i motbakkecupen.

Oda S. Medhus vart klassevinnar i J14-15 på tida 1.18.18.

Resultat 5 beste kvinner Kvasshovden opp

1 Karoline Holsen Kyte Førde IL 52,09 Førde ILK

2 Sylvia Nordskar OSI – PwC BIL 56,54 1:00:18

3 Anita Iversen Lilleskare BFG Bergen Løpsklubb 57,22 1:06:59

4 Nora Markhus Stord IL/Allianseidrettslag) 58,39

5 Tori Angell Odda IL 59,23

-------------

Resultat 5 beste menn Kvasshovden opp

1 Håvard Eidsmo, Freidig/ Freidig Orientering, 45:48

2 Torbjørn Ludvigsen, Varegg Fleridrett, 46:04

3 Halfdan-Emil Færø, Varegg Fleridrett, 46:44

4 Andreas Dahl Wærnes, Rindal IL, 48,05

5 Tobias Alstad, Frol IL, 48,27

Kommentarer til denne saken