Det opplyser Ullensvang kommune i ei pressemelding fredag ettermiddag.
Her er dagens tal:
Nye tal smitta i dag: 2
Totalt tal smitta i utbrotet: 38
Totalt tal som er smitta og isolert per i dag: 18
– Det er teke mange testar dei siste dagane og hurtigtestane har kome attende med negative prøvesvar. Vaksinasjon vert gjennomført effektivt og vi får vaksinert dei vi skal etter prioriteringslister og tilgang på vaksinar, seier ordførar Roald Aga Haug fredag ettermiddag.
Avdeling stengt
Det er no ikkje kjende «aktive» smittevegar inn i skule og barnehagar, opplyser kommunen.
– Vi har einskildpersonar som er smitta utan kjent smitteveg. Det medfører at vi kan ha villsmitte som det er vanskeleg å spora. Vi har og hatt tilfelle av smitta som er fullvaksinerte, sier Haug.
Ein avdeling på Bokko bo og behandling er stengt på grunn av at der er ein smitta bebuar. Det vil difor verte innført besøksrestriksjonar, opplyser kommunen.
– I den situasjon som er no i forbindelse med påvist smitte i tenesta, vil vi så langt det er råd drifte helsetenestene våre utifrå det som vert vurdert til å vere normal drift. Skulle situasjonen endre seg, kan det etter kvart verte nødvendig å gjere ulike prioriteringar som kan påverke dei tenestene vi yt. Blant anna kan det verte nødvendig å endre det tilbodet vi yt til den enkelte brukar. Dette vil bli gjort ut ifrå daglege vurderingar rundt situasjonen, og vurderingar rundt den enkelte brukar, seier Haug i pressemeldinga.
Informasjon vil verte gitt til dei brukarar/pårørande som evt vert råka av endring.
Skal forlenga
Når det gjeld dagsenter og aktivitetstilbod opplyser kommunen om at Bokko dagsenter vert stengt inntil vidare.
– Dei andre dagsenter/aktivitetstilboda vert halde opne som vanleg, legg Haug til.
Måndag skal kommunestyret ta stilling til mogeleg forlenging av den lokale forskrifta
Forskrifta vert til møtet tilrådd å vare ei veke frå 12. april til 19. april.
Det vert mellom anna tilrådd raudt nivå i barnehagar og for 1. -4. trinn og SFO og det vert tilrådd raudt nivå for 5.–10. trinn.