Gå til sidens hovedinnhold

To nye koronatilfelle i Eidfjord – kommunen har sett i gang omfattande arbeid

Laurdag testa Eidfjord 76 personar for covid-19. No har kommunen fått svar på alle, og resultatet er to nye positive prøvar.

– Dei positive prøvane var venta og utløyser ikkje fleire nærkontaktar, skriv ordførar Anders Vatle i ei pressemelding.

Totalt sett er det no altså tre i kommunen med påvist covid-19.

Nærkontaktar av dei smitta er i karantene, medan dei som var i ventekarantene før testresultat var klart, kan gå ut av karantene.

– Smittevegen er førebels ukjend, men me mistenkjer ikkje villsmitte i kommunen. Me har god oversikt over situasjonen, skriv Vatle vidare.

Testing kvar tredje dag

Smittetilfellet i Eidfjord har utløyst eit omfattande arbeid. Det er utført massetesting av tilsette på Eidfjord bygdaheim. Tilsette her vil bli testa kvar tredje dag framover.

– Den praktiske erfaringa frå då Eidfjord gav Ulvik ei hjelpande hand, er god å ha med seg no, seier Vatle til Hardanger Folkeblad.

Under det store koronautbrotet i Ulvik, bidrog helsepersonell frå Eidfjord med massetesting.

Som fylgje av smitteutbrotet er Eidfjord bygdeheim stengd for besøkjande, elles er det nasjonale føringar som gjeld.

– Me minner om at alle må følga nasjonale retningslinjer og vera særskilt merksam på symptom. Ved symptom ber me om at de held dykk heime og tek kontakt med doktarkontoret for å avklara eventuelt behov for testing, skriv Vatle i pressemeldinga.

Eidfjord kommune følger framleis nasjonale råd og føringar og har ikkje innført lokale restriksjonar utover at Eidfjord bygdaheim er stengt for besøkjande.

«Likevel er det viktig at alle er beviste på dei nærkontaktar me skapar og held dette på eit lågast mogleg nivå», oppmodar kommunen.

Vaksine som før

Arbeidet med vaksinering vert ikkje påverka av smittesituasjonen. Det går som planlagt og dei som er satt opp til vaksinering er kontakta, melder kommunen.

Kommentarer til denne saken